Lover å forbli hårete resten av livet! I allefall til eg er 40. Sjekka nettopp "kondisjonsalder" og den er framleis under 20 år. Nokon vil ha det til at min mentale alder også er under 20

.
Nøkkelen til suksess ligg kanskje i å få trena jevnt og trutt utan skadeavbrot. Det er lett å bli overivrig for å få framgang, og dermed kjem skadane. Dette er ikkje noko som kan lærast gjennom teori - det må erfarast for å nå heilt inn. Eg har lært. Vidare så erfarte eg i fjor at det er vanskeleg å halda formen oppe frå tidleg vår til slutten av oktober. Eg dropper derfor konkurranser som treng stor mengde utover hausten. Då er det jakt som bør vera i fokus.
Eg har aldri vore god på å ha ein treningsplan. Det bruker å bli mykje improvisering etter kva andre har på sin plan. Kanskje ikkje det som gir rask og sikker framgang - men det har vore kjekt og har gitt motivasjon til å halda på over tid. Så eg fortset nok etter den malen.
Ein litt grovmaska treningsplan for vinteren blir som følger:
-Løpsfokus der karusellar på 5, 10 og 21,1km er kvalitetsøktene i tillegg til intervall. Nytt for sesongen blir korte motbakkedrag og korte baneintervall med litt større fart enn den etablerte marsjfarten.
-På sykkel blir det 1-2 langintervall spinningøkter. 1-2 piggdekkøkter på tung sykkel.
-Bading: 1 til 2 turer i bassenget.
-Styrke? Alltid ein tanke om at det er lurt, men klarer ikkje koma igang. Enkel basistrening fortsatt med i "planen".
I går hadde eg 5km løp på planen og holdt meg til planen. Det var dumt. Eg hadde hatt større utbytte av spinninga til Trond, enn å få ei halvgod kortøkt i vind og snøsørpe på Espeland.